Claus Sellevoll
Claus Sellevoll er artist og skodespelar frå Alversund. Han bur i Bergen og livnærer seg som tekstforfattar, artist og skodespelar. Dei siste åra har han vore knytt til Hordaland Teater og Sogn og Fjordane Teater («Singel & Sand», «Bikubesong», «Cato og Claus», «Vestlandsrevyen» og « Tyl »). Saman med Olav Stedje, Ragnar Hovland, Finn Tokvam og Halvor Folgerø gjorde han stor suksess i Bergen og dei fire vestlandsfylka med «Vestlandsrevyen» i 2007 og 2008. I 2009 delte Landssamanslutninga av nynorskkommunar ut målprisen til Hordaland Teater for produksjonen «Vestlandsrevyen».I 2011 var Claus Sellevoll , Olav Stedje, Ragnar Hovland, Finn Tokvam og Halvor Folgerø tilbake med oppfølgjaren ”Vestlandsrevyen II”. ”Vestlandsrevyen er både intelligent og folkeleg – og sameiner det beste frå vestnorske bygderevyar og britisk Monty Python-tradisjon”, var mellom gjetorda frå kritikarane sist karane stod saman på scena.I 2013 mottok Claus Sellevoll Medaasprisen. Prisen er på 20.000 kroner, samt en bronseplakett av Ivar Medaas laget av skulptør Vidar Mæland.
I 2014 og 2015 hadde Claus Sellevoll stor suksess med kabareten Ivar Medaas – Dar kjem dampen. I 2016 var Claus skodespelar og tekstforfattar for strilemusikalen » Singel & Sand – Da ska bli andre boller » på Hordaland Teater. Dette året har han vore tilsett på Sogn og Fjordane Teater som skodespelar i den musikalske komedien «Evig ung».
For å bestille meg, ta kontakt på post@kulturstund.no eller bruk kontaktskjema
.
Dette har han gjort
UTDANNING/BAKGRUNN
1994 | Ekamen artium. |
1999 | Høgskolen i Bergen. |
FILM OG TV
2012 | Norge Rundt, programinnslag NRK. |
2010 | Førstefødt , kortfilm, UIB. |
2009 | Opprykk, kortfilm i UIB. |
2008 | TV2, innslag i Matchball. |
2008 | Til Elise, kortfilm basert på Gunnar Staalesen novelle, Hardanger. |
2008 | Terapi, psykolog i kortfilm for UIB. |
2007 | TV2 Fotballextra, innslag for TV2 Sporten. |
2006 | 5 kampanjefilmer for Politiet i Bergen. |
2004 | Brød og Sirkus, debattinnslag for NRK2. |
2003 | Deltakar i ”Absolutt Norsk” , norsk musikkprogram NRK. |
ARTIST, SKODESPELAR OG TEKSTFORFATTAR
2014 | Dar kjem dampen- Produsent og skodespelar, DNS, fylkesturné, Lille Ole Bull Scene. |
2013/2014 | Stille Natt , skodespelar på Hordaland Teater |
2013 | Dar kjem dampen– Ide, manuskript og dramaturgi for Sogn og Fjordane Teater. |
2013 | Gatenes helter, skodespelar på Vestlandske teatersenter, Cornerteateret. |
2012 | Vestlandsrevyen II , skodespelar på Logen Teater produsert av Stageway AS. |
2010/2011 | Tyl , skodespelar på Sogn og Fjordane Teater. |
2008/2009 | Vestlandsrevyen, skodespelar på Hordaland Teater, fylkesturne |
2007 | Vestlandsrevyen, skodespelar på Hordaland Teater /Stageway AS , Logen Teater. |
2006/2007 | Singel & Sand, skodespelar Hordaland teater, Ole Bull Scene, fylkesturne, Seattle. |
2006 | Bikubesong, skodespelar på Logen Teater , produsert av DNT, DNS, Stageway, HoT |
2006 | Kyss meg, skodespelar på Hordaland teater, fylkesturne. |
2005 | Singel og Sand, skodespelar på Hordaland teater, Ole Bull Scene. |
2004/2005 | Cato og Claus – Heng ikkje på greip, skodespelar på Ole Bull Teater |
CD UTGJEVNAD
2012 | Mitt vakre Åsane , Bogen Records |
2008 | Monraden sin mandolin, Singel & Sand records. |
2007 | Songar frå fjorden , Tylden & Co. |
2005 | Nornabann, Supporter IL Norna Salhus |